Eva Kolstad
Kolstad var fødd i Halden, men flytta tidleg til Oslo. Der blei ho aktiv i Norsk Kvinnesaksforening, som ho var formann for 1956-68. På lokalplanet representerte ho Venstre i Oslo bystyre frå 1960-1975. Ho var vararepresentant til Stortinget i to periodar, forbrukarminister frå 1972 til 73 og leiar for Venstre 1974 til 1976. Dermed blei ho landets første kvinnelege partileiar. I 1979 blei ho også det første likestillingsombodet i Noreg - og dermed også i verda, ei stilling ho hadde til 1988. Internasjonalt engasjerte ho seg også for kvinner sine rettar, mellom anna som nestleiar for FNs kvinnekommisjon ein periode.
Kolstad interesserte seg frå slutten av 1950-tallet for sosiologiens kritiske kjønnsrolleteori, og skreiv om dette i ein artikkel frå 1959:
Moderne kvinnesak blir derfor en kamp mot de fastgrodde, tradisjonsbundne oppfatningene av hva som er mannlig og hva som er kvinnelig. Det blir en kamp for det frigjorte menneske, det vil si den frigjorte mann og den frigjorte kvinne (sitert frå Lønnå 2009).
Med dette viste ho at ho var i front når det gjaldt nye tankar om kjønn. Det som har vore mindre kjent er at dette engasjementet for frigjering frå tradisjonelle kjønnsroller også vakte interessa for eit anna emne: homofili.
Vi som føler annerledes
I 1957 kom den første norske fagboka om homofili, Finn Grodals Vi som føler annerledes, ut. Grodal var eit psevdonym for Øivind Eckhoff, ein av dei sentrale pionerane i den norske homorørsla rundt Det norske forbundet av 1948. Grodal blei også eit namn som dukka opp i avisspaltene i åra som følgde. Saman med nokre av dei andre leiande kreftene i DNF-48, som også skreiv lesarbrev under psevdonym, bidrog han til at homofile byrja å bli synlege med ei eiga røyst i samfunnsdebatten.
Då psykiateren Jan Greve i januar 1964 skreiv eit innlegg om homofili, reagerte Grodal. Han kritiserte Greve for ikkje å ha lese den einaste norske fagboka på feltet, og for elles å mangla kjennskap til faglitteraturen (Grodal 1964, 9). Svaret frå Greve var temmeleg arrogant, han meinte det var tilstrekkeleg å bygga på dei få pasientane han hadde som var homofile, slik at han ikkje trong å lesa faglitteratur om emnet (Greve 1964, 5).
Kolstads svar
Det var på dette punktet at Eva Kolstad tok ordet i debatten. Ho skreiv at Greve sitt lesarinnlegg hadde vakt hennar interesse fordi ho i si tid hadde lese Grodals bok om emnet, noko som hadde fått henne til å tenka over "de mange psykologiske, med-menneskelige, sosiale og også praktiske problemer homofili reiser". Bakgrunnen for interessa hennar hadde vore nettopp interessa for kjønnsrollene:
At jeg i sin tid kom til å lese Finn Grodals bok, skyldtes at jeg ville studere hvorledes konvensjonens strikte kjønnsrolle-mønstre kunne skape spesielle konflikter for denne gruppen mennesker. Boka grep meg. Den imponerte ved en rolig og klok tone, ved en fantastisk kunnskapsmengde og en behersket, følsom og tenksom form. Mens jeg leste den måtte jeg stadig tenke, at bak et så stort arbeid må det stå flere forfattere. Siden har jeg forstått at Finn Grodal bare er én, og det har styrket meg i oppfatningen av at han er en meget intelligent mann, et meget fint menneske (Kolstad 1964, 2).
Kolstad reagerte særleg på Greve si uttaling om at han ikkje var interessert i lesa Grodals bok fordi han ikkje ville læra om andre menneske "gjennom andres oppfatninger av mennesker", som han hadde skrive. Til dette spurde Kolstad:
Har De virkelig råd til å la være? Kan De som psykiater nekte Dem selv og Deres pasienter den rikdom og de kunnskaper en slik bok som Finn Grodals vil gi? Den er skrevet av en som har levd og lidd og tenkt seg gjennom den homofiles problemer, og burde derfor ikke bare leses av psykiatere og psykologer, men også av alminnelige mennesker, som så altfor lett trekker forhastede slutninger om sine medmennnesker (Kolstad 1964, 2).
Med dette lesarinnlegget var Eva Kolstad kanskje den aller første profilerte norske folkevalde politikaren som tok ordet i samfunnsdebatten til støtte for homofile. På dette tidspunktet var ikkje dette eit spørsmål politikarar flest ønskte å ha noko med å gjera. Dette gjer Eva Kolstad til ein pioner ikkje berre innan kvinnesak, men også når det gjeld homofile si sak.
Det kunne vore interessant med ei nærmare utforsking av korleis Eva Kolstad eventuelt vidareførte dette engasjementet og om det fekk innverknad på Venstres politikk. Partiet gjekk i 1968 inn for å oppheva det strafferettslege forbodet mot mannleg homoseksualitet (§ 213) og blei det første partiet som programfesta ein homopolitikk (Sjåholm 2020, 17).
Les også om Sissel Castberg, som også deltok i denne avisdebatten i 1964.
Kjelder
Greve, Jan. 1964. "Mer om homofile". Dagbladet 20.2.1964: 5.
Grodal, Finn. 1964. "Ensidig orientering om homofili". Dagbladet 15.2.1964: 9.
Kolstad, Eva. 1964. "Den homofile og psykiateren. Åpent brev til dr. Jan Greve". Dagbladet 22.2.1964.
Lønnå, Elisabeth. 2009. "Eva Kolstad". I Norsk biografisk leksikon på snl.no, henta 8.6.2020.
Sjåholm, Janny. 2020. "Skeiv partipolitikk? En studie av stortingspartienes håndtering av 'skeive' politiske saker fra 1970-årene til 2016". Masteroppgave i historie, Universitetet i Bergen.