Forteljingar om å vera skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg i 2010-år
I dette kapittelet analyserer me to store kulturelle forteljingar om å vera skeiv. Den eine handlar om å vere skeiv med innvandrarbakgrunn, den andre om å vera skeiv på bygda i Noreg på 2010-. Desse forteljingane er delvis ulike, men eit fellestrekk er at begge forteljingane i utgangspunktet handlar om skeive som er på «feil plass». Analysane er basert på kvalitative intervju med til saman 65 skeive, som er gjennomført i samband med dei to forskingsprosjekta «Skeiv på bygda» og «Queer Migrants».
Datamaterialet syner at det finst ei utbreitt forståing av at det stort sett er greitt å vera skeiv i Noreg i dag, men at bygda og minoritetsmiljøa er stader kor det er vanskeleg eller umogleg å leva gode skeive liv. Denne forteljinga pregar korleis informantane snakkar om eigne liv og erfaringar.
Nokre av deltakarane presenterer ei tydeleg motforteljing, om at det går an å leva gode skeive liv på desse stadene kor «alle» syns å vita at det er problematisk å vera skeiv. Andre deltakarar har ei historie som i større grad stadfestar at det er nokre særlege utfordringar knytt til å leve som skeiv i det rurale eller i minoritetsmiljøa. Men i alle høve ser det ut til at desse kulturelle forteljingane om gode og dårlege stader å leva skeive liv, står så sterkt at deltakarane på ein eller annan måte må fortelja om sine eigne erfaringar i lys av desse.