København

 Foto: Sven Gösta-Johannson/Bergens Tidende
Foto: Sven Gösta-Johannson/Bergens Tidende

Det første utelivstilbodet for skeive i Noreg var møter i «Foreningen for by og bygd» på Ormsund og Snarøya, hemmelege festar der ein måtte ha invitasjon for å kunne komme med. Så stor var løyndomen, at Kim Friele blei avvist i døra når ho presenterte seg med fullt namn. Tilbodet på desse plassane var berre ein gong i månaden, og Kim Friele skildrar i sjølvbiografien Troll skal temmes korleis tilbodet elles lenge hadde vore:

I femtiårene forviste den homofile mannen seg selv til parker og toaletter og utvalgte kaffeer og restauranter. Dette var hvis han bodde i Oslo, hvor jungeltelegrafen utpekte treffstedene – Tostrupkjelleren, Schrøder, Humla og Original Pilsen. Senere også Fallas Kro på Majorstua og Wimpy, som lå på det vi i dag kaller Frascati—hjørnet. Den lesbiske som var så heldig å ha truffet andre kvinner i same situasjon, krøp i skjul i et hemmelig kjærlighetsforhold, eller i en lukket, trygg krets av kvinner.

For mange i Noreg var det viktigaste utelivstilbodet likevel ikkje i Oslo, men i København. I følgje historikaren Jens Rydström  hadde byen lang tradisjon med utelivstilbod retta mot eit homoseksuelt publikum. Ein av årsakane trekt fram av Rydström som forklaring, er at byen hadde ei stor havn. Dette gjorde at mange unge menn var samla i eit arbeidsmiljø langt unna heimstaden, og mange av desse deltok i seksuelle aktivitetar med andre menn i same situasjon. Det betydde ikkje at alle dei som deltok i denne aktiviteten definerte seg sjølve som homoseksuelle, men situasjonen la til rette for oppkomst av eit utelivstilbod og framvekst av eit gryande organisert miljø i København.

Det tidlige utelivstilbodet bidrog sterkt til ryktet København fikk som ein homoseksuell “hovudstad” i Skandinavia. Mange nordmenn reiste i etterkrigstida til København for å leve ut sine seksuelle og romantiske draumar og behov. Denne kontakten var spiren til etablering av ein eigen interesseorganisasjon for homofile i Noreg. Først som underavdeling av den danske, kort tid seinare som eigen organisasjon, under namnet “Det norske forbundet av 1948.”