Forskning

Forslag til moglege masterprosjekt/forskingsprosjekt i seksualitetshistorie

Lista over moglege masterprosjekt/forskingsprosjekt er å rekne som forslag, og føreset ikkje at Skeivt arkiv har kjeldemateriale tilgjengeleg for alle prosjekta. Lista føreset at studentar og forskarar sjølve gjer seg kjende med om prosjektet let seg gjennomføre med tanke på omfang, kjeldemateriale, og kontakt med potensiell(e) rettleiar(ar). Ta gjerne kontakt med Skeivt arkiv på skeivtarkiv@uib.no dersom du har spørsmål til lista.

Homoseksualitet og straff

  • Kriminalisering av sex mellom menn 1842–1902
  • Forslag om oppheving av forbodet mot sex mellom menn 1902–1972
  • Politiet sin kontroll av mannleg homoseksualitet i (stor)byane
  • Prostitusjonshistorie
  • Forføringsteorien
  • Utpressing av mannlege homoseksuelle
  • Avvikande seksualitet i domkapitteldommar ca. 1300–1700
  • Omtale av rettssaker angåande homoseksualitet i norsk presse
  • Korleis påverka internasjonal strafferettsdebatt debatten i Noreg om paragraf 213 i etterkrigstida?
  • Straff og likekjønna seksualitet i Noreg 1940–1945 – synet på likekjønna seksualitet og kjønnsoverskriding i NS, motstandsrørsla og samfunnet elles i denne perioden.
  • Den store sedelighetssak i Bergen i 1938. Synet på homoseksualitt og overgrep i dokumenta frå domstolan og politi såvel som i pressen sin omtale av saka.
  • Norske fangeberetningar frå tysk fangenskap 1940-45 og homoseksualitet. Korleis omtalte fangar frå Noreg som hadde vore i tysk fangenskap homofile fangar og likekjønna seksualitet i leirane?

Skeiv historie og norsk presse

  • Omgrepet sodomi og omtale av fenomenet i norsk presse
  • Omtale av internasjonale skandalesaker som Oscar Wilde-saka (1895), Krupp affæren (1902) og Eulenburg-affæren (1906–1909) i norsk presse
  • Orientalisme og seksualitet i norsk presse. Omtalen av seksualitet i ulike kulturar i norsk presse.
  • Omgrepet homoseksualitet og omtale av fenomenet i norsk presse
  • Korleis har kjønnsoverskridingar blitt omtalt i norsk presse?
  • Eit eige rom – norsk homopresse frå 1950-talet
  • Skeive tidsskrift – historia om Supergutt (eller eitt av dei 50 andre norske tidsskrifta)
  • Korleis påverka nye ideal/idear om kvinner og menn omtale av homoseksualitet og trans* i norsk presse?
  • Vekepressa og "dameblad" sitt syn på likekjønna seksualitet og trans på 1950- og 1960-talet

Religion og synet på homoseksualitet

  • Religiøs litteratur og likekjønna seksualitet 1800–1900
  • Religiøs litteratur og likekjønna seksualitet 1900–1945
  • Homoseksualitet i den norske kyrkja 1945–1977
  • Diskursar om islam og skeiv seksualitet i Noreg 1950–2017
  • Skiljet mellom "legning" og "praksis"

Etymologi og framstilling i ord og bilde

  • Historiske omgrep om skeivheit i Noreg – ei etymologisk historie
  • Omgrepa sex, seksuell og seksualitet – når dukka dei opp og korleis har innhaldet endra seg gjennom tidene
  • Omgrepet "tvetoling" og liknande omgrep for kjønnsoverskriding
  • Når slo omgrepet homofili gjennom i norsk offentlegheit? Korfor blei omgrepet dominerande (i motsetning til dei fleste andre land)?
  • Skeive biografiar
  • Pornoens historie i Noreg
  • Lesbiske representasjonar i pornografi retta mot menn – 1970–1990
  • Avvikande seksualitet og kjønn i norsk tradisjonsmateriale (folkeviser, folkelivsmateriale, NEG, livsminnehistorier, etc)
  • Norsk skeiv kunst

Seksuell praksis

  • Onaniens historie i Noreg – rettsmateriale, legebøker og religiøse skrifter
  • Oralsexens historie i Norge – rettsmateriale, legebøker
  • Analsexens historie i Noreg – rettsmateriale, legebøker
  • Sexhjelpemidla sin historie i Noreg/ sexleiketøyets kulturhistorie
  • BDSM-historie i Noreg
  • Korleis praktiserte homoseksuelle menn og kvinner sitt sexliv ute og heime?
  • Korleis er homoseksuell seksualitet/sex skildra i filmar, romanar, biografiar, intervju, homotidsskrifter og i kontaktannonser?
  • Lesbiske og penetrasjon gjennom tidene

Forsvaret og andre profesjonar

  • Homoseksualitet i Forsvaret
  • Skuleverket og LHBT
  • Utanrikstenesta og homoseksualitet. Ein fristad for skeive eller ein tryggingsrisiko?
  • Homo* og trans* som emneord i norske bibliotekskatalogar

Sjukdom og medisinske perspektiv

  • "Hermafrodittisme" og andre kjønnsoverskridingar i dansk og norsk medisin 1700–1900
  • Psykiatri og homo/biseksualitet i ettekrigstida
  • Diskusjonen om "avdiagnostisering"
  • Homorørsla sin aktivisme i høve til hiv/aids
  • Hiv/aids-aktivisme i Noreg og pasientorganisasjonar som Pluss (HivNorges arkiv ved Skeivt arkiv)
  • Norske helsestyresmakter og hiv/aids
  • Kulturuttrykk i møte med hiv/aids-krisa i Noreg

Litteratur, politikk og intellektuell historie

  • "Lesbisk kjærlighed" i litteratur, teater og andre kulturuttrykk ca. 1920–1972
  • Tvetullingar og hermafrodittar i litteraturen – kjønnsoverskriding i norsk litteratur
  • Kulturdebatten, psykoanalysen og homoseksualitet 1930–1960
  • "Den homoseksuelle nazisten". Ei undersøking av korleis norske intellektuelle og norsk presse konstruerte denne figuren gjennom omtale av konkrete saker og på eit meir abstrakt plan (ofte inspirert av psykoanalysen).
  • Populær litteratur og homoseksualitet 1950–1970
  • Arbeidarrøsla og synet på homoseksualitet 1887–1940
  • Ulike politiske parti og grupperingar sitt syn på skeiv seksualitet og kjønnsoverskriding
  • Anmelderi av litteratur, film og teater. Korleis blei det skeive omtalt i meldingar av kulturuttrykk frå slutten av 1800-talet og framover?

Barn, unge og seksualitet

  • Slemme jenter og slemme gutar, skuleheimane og regulering av seksualitet
  • Seksuelle overgrep – skiftande historiske oppfatningar
  • Barn med "avvikande" kjønnsidentifikasjon/kjønnspraksis

Miljø

  • Korleis var de skeive "miljøa" i ulike byer som Oslo, Bergen, Tromsø, Stavanger og mindre byar?
  • Pissoara sin skeive historie
  • Pensjonat og skeive liv
  • Skeive organisasjonar – frå handball til BDSM
  • Minoritet i minoritet – miljø og organisering av personar med fleire minoritetsbakgrunnar

Heimen

  • Kollektiv og andre utradisjonelle måtar å bu saman på
  • Skeive interiør – gjenstandar og interiør sin dialog med skeivheit
  • Skeive fotografi – liv og kvardagsliv. Fotoalbum, innramma fotografi, etc.
  • Skeive klede – klesskap, klesstil og skeivheit
  • Korleis har skeive sine heimar blitt portrettert i blader, aviser og litteratur?

Seksualitet og identitet

  • Lesbisk identitet på 1950- og 1960-talet
  • Kome-ut-forteljingar – endringar og kontinuitet
  • Skiftande mannsideal i ulike homsekulturar
  • Jentegutar
  • Gutejenter

Relasjonar og kontakt

  • Vennskapsnettverk og kjærleiksrelasjonar mellom homoseksuelle menn/ kvinner – ulike tidsperiodar
  • Reising og turisme si rolle for skeive i ulike periodar
  • Internasjonale kontaktar i dei skeive rørslene
  • Monogami versus opne relasjonar i skeive kulturar
  • Skeivheit og draumen om parforholdet
  • Romantiske venskap mellom kvinner
  • Romantiske vennskap mellom menn
  • "Det hører til de umulige ting" – seksuelle relasjonar mellom kvinner før desse var anerkjend
  • Frå kontaktannonser til Tinder – ikkje-heteroseksuelle sine møtepunkt i ei heteroseksuell verd
  • Skeive kontaktannonsar – frå Vennen til Grindr
  • Skeive kontaktannonsar – ideal knytt til intimitet og heimeliv
  • Skeive heimeliv i norsk presse