Kristen Gulbrandsen
I Bygdebok for Gausdal skriv Finn Erhard Johannessen om ein 21-åring, Kristen Gulbrandsen som var på sesjon i 1699. Presten skreiv om Kristen at hen "Beretter at vere en hermu frodit" (Johannessen 1990, 86).
Johannessen viser til at det var mange som under denne sesjonen i Gausdal viste til skavankar og sjukdommar for å slippa å bli skrivne ut til militærteneste, og han tolkar Kristen sin påstand i lys av dette. Dei militære konstaterte at han var einaste son av ei enke, og motivasjonen for å slippa å dra i krigen var dermed tydeleg.
Sesjonen var i ein situasjon der det var venta at det ville bli krig, men då det likevel ikkje skjedde, slapp både Kristen og dei andre gausdølane å bli soldatar i denne omgang.
I ein skeiv historisk samanheng er det interessant at begrepet "hermafroditt" blei brukt. Korleis det gjekk med Kristen vidare, veit me ikkje, men det er mogleg det let seg gjera å utforska nærmare, i den grad kyrkjebøker og andre kjelder er bevart.
Er også andre tolkingar moglege? Kan Kristen ha meint at omgrepet "hermafroditt" eller liknande omgrep for kjønnsoverskriding fanga opp kven og korleis hen var?
Litteratur
Johannessen, Finn Erhard. 1990. Gausdal bygdehistorie bind 3. Folkevekst og levekår 1530-1830. Gausdal: Gausdal kommune.