Hånd i hånd på Karl Johan i 1968

Hånd i hånd på Karl Johan. Artikkelen i OSS Norsk homofilt tidsskrift i 1969
Hånd i hånd på Karl Johan. Artikkelen i OSS Norsk homofilt tidsskrift i 1969
Sommaren 1969 gjorde dei skeive opprør utanfor Stonewall Inn i New York. Hausten før gjekk to unge homofile menn hand i hand nedover Karl Johan.

I 1969 skreiv DNF-48 sitt tidsskrift Oss. Norsk homofilt tidsskrift om to unge menn på 21 og 23 år gamle, kalla A og B i artikkelen, som ein sundag og måndag i slutten av oktober året før hadde utført eit ganske interessant eksperiment: gått hand i hand nedover Karl Johan. Dei to forklarte at dei hadde snakka om det på førehand, men at det likevel kjentest spontant då det skjedde. Først hadde dei diskutert det som ein slags spøk, men etter kvart la dei noko meir idealistisk i det: «Vi mente også å ha rett og frihet til å være glad i hverandre, utan at noen skulle se noe provoserende i det.»

At ei slik handling ville vekka oppsikt var dei ikkje i tvil om. Artikkelen startar med å presentera eit paradoks: Korfor var det slik at to venninner kunne både spasera arm i arm og svinga seg på dansegulvet utan reaksjonar, mens det tilsvarande for to menn neppe ville bli sett på med blide auger?

Blanda reaksjonar

A og B var tydelegvis klar over at det ville bli reaksjonar. Dei var nervøse, og hadde til og med «øvd seg» på folketomme stader for å vera betre førebudde. Då dagen, ein sundag med strålande ver i slutten av oktover, kom var dei nøye på å observera reaksjonane undervegs: folk kikka, nokon stoppa brått, og dei fleste snudde seg. Mange plystra, mange slengte bemerkningar som «Er dere forelsket, turtelduer?». «Homo» var det også nokon som sa høgt. Eit kjærastepar spurde om dei var frå Danmark. Desse stoppa A og B og snakka med, fortalde om «vår legning», og drøfta dette. «De mente det var OK til slutt – tror vi».

A: Så var det to jenter og en gutt utenfor Nasjonalteatret. De var vel i slutten av tenårene eller litt eldre. En av pikene gapskratter der på den andre siden av gaten. De andre ble tydeligvis brydde og ba henne tie stille. Vi krysset gatene og fortalde om vår legning og syn vi hadde på åpent vennskap mellom menn. De ble svært så forbløbbet og pratet i munnen på hverandre. Forresten traff jeg gutten igjen et par dager senere. Han spurte kameratslig, ikke spydig, hvor kjæresten min var! (Jan 1969, 3).

Alminneleggjering

Då dei sette seg i Studenterlunden, framleis hand i hand, var det mange som gjekk i ring rundt. Den verste reaksjonen dei fekk var i følgje B frå ein «20-årig hippietype» som spytta i deira retning.

A: Vi var naturligvis klar over at vi kom til å sjokkere noen og enhver. Det var delvis meningen at folk skulle sjokkeres til et standpunkt. Vi ville de skulle se at alminnelig ungdom kunne være homofil. Faktum er jo at svært mange mener å kjenne homofile som noen outrerte mennesker, og ikke lik deres daglige omgangskrets (Jan 1969, 4).

Trass i tydelege og til dels negative reaksjonar var begge to einige om at dei hadde forventa verre reaksjonar.

Forbundet i ei brytningstid

Dette var ikkje ein aksjon initiert av Forbundet, som heller dreiv med spreiing av informasjon og politisk påverking gjennom å skriva brev til politikarar og publisera kronikkar i avisene. Året før hadde Gerd Brantenberg og ein annan representant for organisasjonen lagt ut løpesetlar på Blindern. Sjølv noko så uskyldig blei oppfatta som risikabelt,  men viser ein organisasjon som ønskte å bli meir synleg. Å gå han i hand nedover Karl Johan var å ta det heile eit langt steg vidare. Ein kan seia at det var ein ny form for aktivisme i Noreg. Det var ikkje ein aksjon koordinert av Forbundet, men at A og B blei intervjua over tre sider i OSS viser ei positiv haldning.  Artikkelen er underskriven Jan. Dette er sannsynlegvis Jan H. Nordbø (1944-1988) ein sentral person i Forbundet på dette tidspunktet. Han let artikkelen slutta slik:

Vel? Skal vi møtes arm i arm ved Slottet – f.eks. 15. juni? Hvis været holder?? (Jan 1969, 4).

Me veit ikkje om nokon følgde denne oppmodinga.

Veit du meir om dette, for eksempel kven dei to personane omtalt som A og B, var? Ta kontakt med Skeivt arkiv på skeivtarkiv@uib.no eller på telefon 900 68 573 (Runar Jordåen).

Kjelde:

Jan. 1969. Hånd i hånd på Karl Johan. Oss. Norsk homofilt tidsskrift, 5 (2), 2-4.